Hurra for den STORE skilnaden

I en tid med stor kjønnsforvirring fant vi denne artikkelen så avklarende og godt skrevet at vi spurte Anders om lov til å legge den ut på siden vår. Judith og Ingvar. Av Anders Kvåle Rue, Svartdal Publisert i Varden den 26 mai 2007

Hugsar du 1970-åras kvinnekamp? Som så mange ideologiske rørsler, kan den samanliknas med arbeidet for å få ein bil ut av grøftekanten og opp på vegen. Problemet er at når slike skakkjøyrte farkostar fyrst kjem seg opp av uføret, har dei ein lei tendens til å havne i grøfta på motsett side, fordi ein ikkje rettar opp kursen når ein faktisk befinn seg på vegen. Frå å kjempe for lik løn og lik rett til ulike jobbar, byrja ein å kjempe for at kvinner skulle kvoterast inn i typiske mannsjobbar og menn i kvinneyrke. Frå å innsjå at kvinner og menn er likeverdige, ville ein etterkvart at menn og kvinner helst burde vera like. Det at det framleis berre er ei kvinne som kan føde og amme eit barn er antakeleg eit svært forstyrrande fakta for likestillingsfanatikarane.
For min eigen del har eg konkludert med at menn og kvinner er dønn ulike og vil me vera lukkelege bør me innstille våre krav og forventningar både til oss sjølv og andre i samsvar med det.

Ulike i sinn og skinn
Ut i frå eit hårstrå, ein tånegl, eller litt spytt kan DNA-forskarane finna ut om det kjem frå ein mann eller ei kvinne. Kjønnet er det tydelegaste ein kan identifisere ved eit DNA-funn. Ikkje om du er frisk eller sjuk, ikkje om du er nordmann eller zulu, ikkje om du stemmer raudt eller blått, MEN om du er hann eller ho. Me er ulike, frå innerst til ytterst.
For ei tid tilbake høyrte eg at det er oppdaga ein alvorleg feil ved tilverknaden av medisiner. Problemet er at i utviklinga av nye preparat har oppkoket berre blitt utprøva på hankjønn. Dette gjer ein fordi menn ikkje har kvinnas månadlege syklus og hormonelle svingingar. Resultatet er at ein medisin som virkar fint på hannrotter, hannapekattar og mannfolk, kan vise seg å vera ubrukeleg på kvinner! Medisinsk kan det altså vera støre skilnad på kvinne og mann enn hannrotte og hannmenneske!

Frå byrjing til slutt
Gutar og jenter er ulike allereie frå dei ligg i mors mage, ja før det. Sædcellene som sym mot egget har enten X-kromoson eller Y-kromoson. X-ane blir til jenter. Y-ane blir til gutar. Y-ane sym raskare, men dør fortare, X-ane er tregare, men held ut lenger. Høyres dette kjent ut? Eller kva med at småjentene i mammas mage ligg og småpratar for seg sjølv, medan gutane stort sett heldt kjeft? Du byrjar kanskje å ana at det finst ein del forskjellar som er rimeleg grunnlegjande?
Kor mange pedagogisk idealistiske foreldre er det ikkje som har prøvd å gje smågutane sine søte små dokker, i håp om at dei tidleg skulle få sansen for mjuke verdiar, berre for å oppdaga at dokker minsanten kan gjera nytte som leikebil, om ein legg til tilstrekkeleg lyd og rørsle?
Men så kjem puberteten, og da er løpet kjørt. Då eksploderer den hormonelle tretrinnsrakketten for alvor, og kjønna suser avgarde til kvar sin mentale “planet” for godt. Og takk for det! Som Luther sa: “Alt som er mann vil ha ei kvinne, og alt som er kvinne vil ha ein mann.”

Ulike funksjonar
Når det er slik innretta at kjønna er ulike, så har det sjølvsagt ein grunnleggjande funksjonell hensikt. Gjennom ulikskapen utfyller me kvarandre i reproduksjon, barneoppseding og arbeidsoppgåver. Det skaper takksemd og samkjensle å oppleva at ein treng den andres sterke sider!
Det er berre naturleg at menn vel andre TV-program og anna lesestoff enn kvinner. Kampanjar for å få gutar til å låne skjønnlitteratur på biblioteket er bortkasta statlege midlar. Lat dei lesa sine teikneseriar og intruksjonshefte for traktor i fred!
Det er heller ikkje eit mysterium at menn og kvinner gjerne likar ulik mat. Dei kjemiske prosessane i oss er ulike. Det er ikkje noko å lage ballade for at kvinner kan synast å slekte meir på kanina enn mannen i matvegen, som på si side vel har ein del til felles med ulv og bjørn. Og kor god idé var eigentleg unisex-moten? Å sjå ektepar med same grilldress, joggesko, solbriller og hårsveis er omtrenleg like spanande som kald kålstuing. Nei la kleda spegle ulikskapen. Dei vakre bunadene våre viser kor frodig det er er når kjønna får stå i harmonisk kontrast til kvarandre.

Lenge leve den store og herlege skilnaden!

Artikkelen er lagt ut på siden vår etter tillatelse av Anders Kvåle Rue